C:\Users\Sverre\AppData\Local\Temp\logo.jpg

 

 

Ynskjer du også at Hardangerviddatunellen skal realiserast no?

 

Då inviterar me deg til å væra med i aksjonsgruppa for Hardangerviddatunellen.

Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunellen har som formål å representera folkeviljen for å få realisert Hardangerviddatunellen så snøgt som råd. Vårt arbeid vil bestå i å få fram folkeviljen å visa kor viktig det er å få ein betre regularitet over Hardangervidda gjennom heile året.

I styret for aksjonsgruppa for Hardangerviddatunellen sit:

Sverre Kleivkås som leiar, Ivar Arne Lid som nestleiar og styremedlemmer er

Rasmus Sandnes, Inger-Brit Vindegg og Olav Lægreid

Me har alt starta arbeidet med å realsiera ein langtunell med ny trasè over Hardangervidda, noko som vil auka regulariteten og korta ned om lag 250 høgdemeter samt korta inn strekninga med om lag 10 kilometer.

For å kunna arbeida vidare med dette treng me støtte hjå personar og verksemder. Me har som mål å arrangera ulike folkemøte om dette, der me inviterar stortinspolitikarar og andre for å få fortgang i dette prosjektet, samt væra synlege i media å arbeida i lag med IS RV 7 for eit felles mål om snarleg byggjing av ny veg og tunnell over Hardangervidda.

Me har tenkt ein pris for medlemskapet soleis:

Verksemder med over 20 tilsette må minimum betala kr. 5 000,00

Verksemder med under 20 tilsette må minimum betala kr. 1 000,00

Privatpersonar må minimum betala kr. 100,00.  Hugs navn og adressa.

Me driv å utviklar eige heimeside der me skal leggja ut informasjon etter kvart.  www.hardangerviddatunellen.no

Om ein ynskjer å melda seg inn så kan ein nytta dette kontonummeret: 3460 12 87279.

Dersom noko er uklart så kan ein også ta kontakt med underteikna på post@hardangerviddatunellen.no

Helsing

Hardangerviddatunellen

Sverre Kleivkås

    Leiar